Ved aldring skjer det ulike endringar i kropp og sanseapparat som gir konsekvensar for utføring av aktivitetar. Normale aldersendringar merkar alle i større eller mindre grad, men desse kan forsterkast ved forbigåande eller kronisk sjukdom. Ved universell utforming av kvardags- og smarthusteknologi, må ein ta omsyn til desse aldersforandringane.
Når ein vert eldre, er det vanleg at sansane vert svekka. Først og fremst merkar ein dette ved redusert syn og høyrsel. Det vert vanskelegare å oppfatta høge og etter kvart også lågare tonar. Dette er viktige omsyn å ta dersom kvardagsteknologien skal ha lyd-varsling. Dersom ein treng å skilja mellom ulike lydar eller signal, må desse vera markant ulike. Det vert vanskeligare å sjå lita skrift, og ein treng meir ljos og større kontrastar for å sjå klart. Derfor er det viktig at f. eks display har nok ljos og kontrastar, og at skrifta er stor nok. Fargesyn og evna til å sjå i mørket vert også svekka. Ein kan få vanskar med å oppfatta blå og blå-grøne fargetonar.
Også luktesans og berøringssans og sensibilitet i huda vert redusert. Mindre underhudsfeitt og tunnare hud kan føra til at ein frys lettare og ikkje toler varme og trykk så godt. Ein kan vera meir utsett for forfrysing og skader i hud ved kontakt med varme ting eller væsker.
Ein misser muskelmasse og beinmasse, og leddband vert mindre elastiske og gjer ledda stivare. Bevegelsane blir meir langsame og mindre presise, og evna til små bevegelsar reduserast. Mindre muskelstyrke og lungekapasitet kan også føra til at ein vert fortare trøytt og mindre uthaldande.
Med aukande alder får ein lengre tid mellom stimuli og respons. Både kroppen og hjernen arbeider seinare. Ein treng meir tid til å oppfatte det som skjer og til å omstille seg. Det er ikkje uvanleg at eldre opplever noko svekka hukommelse ved aukande alder. Saman med redusert syn gjer at det kan bli vanskelegare å læra nye ting. Dette stiller krav til bruksanvisningar, både når det gjeld utforming av tekst og innhald.